Historie

Kringkastingshistoriske verdiar vi har på Vigra Kringkastar.
AM-kringkasting:

1924-1933 Pionertid – Ålesund Radio

1924-25 – hausten 1924 fer Ålesund ein prøvesendar for radiotelefoni mellom fiskebåt og land. Denne 1 kW radiotelefonisendaren vart også brukt til pionerkringkasting – nr 2 i Norge etter Oslo

1925-27 – 3.nov 1925 vart Ålesund radiolag skipa for å drive pionerkringkasting

1927-33 – 12 februar 1927 vart Ålesund Kringkastingsselskap A/S sipa for å drive privat kringkasting. Aksjeselskapet fekk konsesjon for kringkasting i Møre og Romsdal frå 17. februar 1927 som 1 av 4 kringkastingselskap i Norge – Oslo, Bergen, Tromsø og Ålesund.

1933-35 – 1. juli 1933 vart NRK oppretta som statleg monopol og overtok dei 4 kringkastingselskapa

NRK etablert som statleg monopol – AM-kringkasting

 

sender 35

1935-39 – Vigra Kringkastar på lufta med ein 10 kW RCA sendar som avløyser kystradiosendaren – nr 2 av NRK bygde stasjoner.

1939-40 – I 1939 vart Vigra Kringkastar forsterka til 100 kW. Den eine av 2 nasjonale storsendarar. Stavanger Kringkastar var den andre og Oslo Kringkastar var 60 kW. Vigra Kringkastar var den største sendaren i Norge med størst rekkevidde. Dekningsområdet var havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard + mesteparten av Norge.

1940-1948 Krigstid og gjennoppbygging

Krigssendarbygget slik det stod i krigsåra
Krigssendarbygget slik det stod i krigsåra

Krigssendarbygget slik det stod i krigsåra på grunnmuren til det bomba sendarbygget frå 1935

Vigra Kringkastar si nasjonale krigshistorie!

9-15. april – Norge sin viktigaste informasjonskanal – ref boka «NRK i krig» av Hans Fredrik Dahl

11. april – etablert lyttepost for utanlandske radiostasjoner på Fjellstova leia av Kåre Fostervoll. Informasjonskontoret til Kåre Fostervoll vart av den frie norske regjeringa erklært som Norges informasjonskontor til 1. mai då kontoret måtte flykte vidare nordover

13. april – tysk flyangrep på stasjonen som vart avverga av engelske krigsskip

14. april – erklært av Ræstad, styreleiaren i NRK, som Noreg sin hovudsendar. Melding nr 1 frå regjeringa Nygardsvoll vart sendt over Vigra Kringkastar på norsk, engelsk, tysk og fransk og kong Håkons tale til det norske folk.

Hemmlege militære meldingar til vår alierte i Skotland vart sendt over Vigra Kringkastar

15. april – eit stort tysk flyangrep som starta tidleg om morgonen og varte til ca kl 1500 på ettermiddagen då ein fulltreffer frå eit tysk bobefly la stasjonen i grus.

Vigra Kringkastar under tysk komando i krigsåra

IMG_0276
1 kW Western Electric krigssendar med orginale kulehol frå eit engelsk flyangrep i krigen

img007

Krigssendarbygget 17. mai 1945

IMG_0278 IMG_0277

1945 – 48 20 kW mobil sender i drift – krigsbytte frå Finlandadioen

Radioen sin gullaldar – Vigra Kringkastar 1948-1960

sender 48
Nytt sendaranlegg 1948  Sendarbygget – foreslått vernet av Telenor og riksantikvaren 1996. EB-sendaren frå 1948– den største sendaren som er bygd i Norge – deler av den er tatt vare på

 

PROGR48
Original programfoldar – frå opninga av nye Vigra Kringkastar 12.4.48 frå Løvenvold kino i Ålesund med kong Håkon 7., kringkastingsorkestaret ++ – direktesending på radioen sitt riksnett.

Vigramasta 526949C683

Antennemast frå 1952 – høgste byggverk i Norden i 52

FM/TV-kringkasting

1959 –  FM-sendar på Vigra Kringkastar montert for mating av Reinsfjell FM-sendar

1963 – ansvaret for studioteknikken vart flytta frå Vigra Kringkastar til studio i Ålesund

1963 – Reinsfjell TV-sendar  i drift frå 7. februar

1964 – Gamlemsveten TV-sendar i drift frå 6. juni

1967-1984 Vigra Kringkastar driftskontrollsenter for TV og FM

DSC00065     DSC00066

Fjernstyringsutstyr for Reinsfjell, Gamlemsveten og Bremanger TV hovudsendarar

1975 – Generasjonsskifte på Vigra Kringkastar – frå 8,5 stillingar til 5,5 stillingar

1977 – frå eigen stasjon under kringkastingskontoret i Oslo til Ålesund teleområde

1978 – frekvensskifte frå 629 kHz til 630 kHz etter internasjonal radiobølgekonferanse i 1975

1979 – Bergen Kringkastar på Askøy vart stoppa i 1978 og Philips sendaren på 10 kW vart flytta og brukt             som reservesendar på Vigra frå 1979.

1982 – Vigra Kringkastar fer nytt større aggregat for drift av den nye 10kW reservesendaren ved kraftsvikt

1984 – EB-sendaren frå 1948 vart stoppa 4.11.84. Sendaren vart demontert og sendt til Askøy. Reservesendaren frå Askøy var i drift frå 4.11.84 til 2.3.85 for bytte av hovudsendar

1985 – Ny Telefunken 100kW storsendar i drift frå 2. mars

1.9.85 – 2.2.96 ubetjent drift av den nye sendaren på Vigra Kringkastar

1.9.85 –  drifta av Vigra Kringkastar under Ålesund teleområde. Sendaren fjernstyres frå Ålesund/Trondheim

1.1.91 – drifta av Vigra Kringkaster under kk-gruppa i Ålesund under Trøndelag teledistrikt

1992/93 – Kk-gruppa i Ålesund bygg ut TV2 nettet i Møre og Romsdal

199550 års fredsjubileum – utstilling av historia til Vigra Kringkastar med fokus på krigshistoria

Februar 96 – Vigra Kringkastar mønstringsstad for kk-tenesta i MR fylke

 

mønstring Norkring

1.7.96-1.9.02 – Norkring A/S etablert – 60% eigd av NRK og 40% eigd av Telenor. Norkring sine driftsingeniører for Møre og Romsdal mønstrer på Vigra Kringkastar. I 1999 kjøper Telenor ut NRK og Norkring vert heileigd av Telenor

Museumsarbeid på Vigra Kringkastar

1996 – Vigra Kringkastar på Telenor sin verneplan – det einaste verneobjektet i  MR fylke.

1997 – Radiomsta kutta med 15 meter – Det gamle feederhuset frå 1935 tilbake som fiderhus for reserveantenna til reservesendaren som gjekk under overhalinga av radiomasta.

1999-04-21 14.15.28 ny mastetopp i 1997

 

msenderbygg  mastetopp frå 1952

Planlegg flytting av sendarbygget – høsten 1998   Mastetopp frå 1952 tatt ned i deler i 1997

flytting krigssendarbygg  krigsendarbygg og mastetopp

Flytting av krigssendarbygget hausten 2001      Montert på museumsområdet i 2001

Opparbeiding av uteområde for museumsområdet med grunnmur til krigssendarbygg, fundament for mastetopp og feederhus/antennemast, grusveger og legging av el-kabler og telekabler.

2004 – Vigra Kringkastar si venneforening etablert

Bilde Jonas 089.jpg-for-web-normal  Bilde Jonas 095.jpg-for-web-normal

Flytting av krigssendaren frå sendarbygget frå 1948 til sin plass i krigssendarbygget frå 1940

Museumsområde etablert 1998-2008 med økonomisk støtte frå Norkring A/S og Norsk Telemuseum

2005 – Asbjørn Gjærde skriv historia om «kringkastinga i Møre og Romsdal 1925-2005»

2005 – Museumsområdet åpna – Vigra Kringkastar 70 år – Telenor 150 år

 

CIMG0434  CIMG0423

Leiaren i Telemuseet Eli Hall åpnar «museumsområdet» – historia frå 1924/35  til 1948/52

CIMG0429  CIMG0431

Personar som har vore med på å ta vare på Vigra Kringkastar si historie

CIMG0427  CIMG0430

Innbedne gjestar frå NRK, Telenor/Norkring, Sunnmøre Museum, Giske kommune m/fleire

2008–  Lokalt krigsminnemuseum etablert i lagerbygg/tyskerbrakke/garasje frå 1938

2002-2011 Vigra Kringkastar ubemanna

1.9.2002 –  Norkring sine driftsingeniører på Vigra kringkastar vert samlokalisert med Telenor Network  sine driftsingeniører i Ålesund.

1.7.2006 – Telenor Network sine driftsingeniører vert virksomhetsoverført frå Telenor til Relacom A/S.

Sidan 2002 då Vigra Kringkastar igjen vart ein ubetjent stasjon har vedlikehaldet av sendarbygget blitt forsømt.

2011sendingane frå Vigra Kringkastar vart stoppa 30. juni

2011radiomasta vart reve etter påtrykk frå Avinor  8. september

Norge Rundt Vigra Kringkastar

Kampen for å ta vare på Vigra Kringkastar si historie

Nasjonal historie:

Krigshistoria

Den analoge kringkastinga er historie når FM-nettet stopper i 2017

AM-radio – Vigra Kringkastar er den einaste av dei 3 nasjonale storsendarane som kan vernast – Lamberseter/Kløfta og Stavanger kringkastar er borte. Vigra Kringkastar størst dekningsområde, hadde legst levetid og den einaste stasjonen som har vore ein aktiv del av hele det analoge kringkastingsnettet – AM, FM og TV.

Er ikkje dette viktig nasjonal historie å ta vare på?

NRK MR Kampen for å ta vare på Vigra Kringkastar si historie