Arbeid med nasjonal freding

Overblikk over muséumsområdet
Muséumsområde

Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal har utgreia eit forslag om freding av bygga knytt til Vigra kringkastar.

Forslag til freding av bygningsmassa

Fylkeskonservatoren foreslår nasjonal freding av bygga som var knytt til Vigra kringkastar i 1948, etter kulturminnelova §§ 15 og 19. Forslaget omfattar ikkje det tekniske utstyret frå sendarbygget.

Andre kulturminne i Giske kommune

Vi har fleire freda gravhaugar i kommunen. Mellom desse finn du Blimshaugen på Vigra.

Vi har også nokre freda bygningar. Mellom desse finn du Giske kyrkje på Giske, Alnes fyr og Høgstein fyr på Godøya. På Vigra og Valderøya har vi ikkje noko freda bygg.

Starten av vernearbeidet

Vernearbeidet for Vigra Kringkastar starta med ei utstilling som markerte 50 års fredsjubileum i 1995. I 1996 fekk vi informasjon om at sendarbygga frå 1948 og Vigramasta var teke inn i Telenor sin verneplan.

Dei eldste verneobjekta var ikkje tatt med i Telenor sin verneplan.

Førebuing for flytting av det gamle sendarbygget.

Førebuing for flytting av det gamle sendarbygget.

 

Grunneigaren Johan Synes tok initiativet til å ta vare på dei eldste verneobjekta. Ei uformell gruppe blei starta. Turid Røsvik, Jorun Synes, Otto Stornes, eg og seinare Kjetil Synes var aktive i fleire år.

Flytting av bygningar internt på eigedommen

Noko av det første vi gjorde var å få flytta krigssendarbygget saman med dei andre gamle verneobjekta.

Johan Synes har gjort det meste av det praktiske dugnadsarbeidet for å ta vare på dei eldste verneobjekta;  feeder-huset frå 1935, lagerbygget frå 1938, krigssendarbygget frå 1940 og mastetoppen frå 1952.

Muséum

I 2005 opna venneforeininga offisielt eit muséum som viser både kringkastings- og krisgshistoria knytt til Vigra kringkastar.

Frå opning av museum på Vigra kringkastar.
2005 – Opning av «museumsområdet». fv. Eli Hall frå Telemuséet, Johan Synnes og Turid Røsvik.

 

2005 - Feiring av Vigra kringkastar 70 år og Telenor 150 år.
2005 – Vigra kringkastar 70 år, Telenor 150 år. Fv. Kjetil Synes, Otto Stornes og Jon Hildre.
Telenor

Telenor har prøvd å kome unna sitt samfunnsansvar om å ta vare på si eiga historie. Askøy Kringkastar er eigd av NRK og blei freda i 2003. Denne er sett  opp imot Vigra Kringkastar, men dekker berre NRK si AM-historie 1937-78.

Norkring AS blei starta 1. juli 1996 og var eigd 100% av Telenor frå 1999. Norkring AS blei oppløyst som eige selskap 1.1.2020. Dei var eigar av heile det analoge kringkastingsnettet, både AM, FM og TV. I 2017 vedtok Stortinget at Telenor skulle eige det private riksnettet for TV2 og FM P4 – 1992-2017.

Vigra Kringkastar er eigd av Telenor.

Den analoge kringkastingshistoria

Kringkastaren har vore ein del av heile den analoge kringkastings-historia. Han var ein del av NRK-nettet som Vigra AM-sendar frå 1935 til 2011, FM-sendar frå 1959 til 2017 og overvaking og fjernstyring av fleire TV-sendarar frå 1967 til 2009. Frå 1992 til 2017 var han i tillegg ein del av det private analoge kringkastingsnettet som Telenor har både eigar- og driftsansvaret for.

Kontrollsenter for TV-sendarar på Vigra kringkastar.
Overvakring og fjærnstyring av Reinsfjell, Gamlemsveten og Bremanger TV og FM

 

Reinsfjell TV- og FM-sendar
Reinsfjell – FM- (1959) og TV-sendar (1963)

 

Gamlemsveten - Senderanlegg om vinteren
Gamlemsveten – TV og FM (1964) – Vinter

 

Gamlemsveten - Sendaranlegg om sumaren.
Gamlemsveten – TV og FM (1964) – Sumar

 

Vigra Kringkastar si analoge FM og TV historie
1959-63 Reinsfjell FM – programmata frå FM-sendar og drifta frå Vigra Kringkastar
1967-84 Reinsfjell, Gamlemsveten og Bremanger FM og TV-sendarar fjernstyrt frå Vigra
1996-2002 Norkring AS mønstra på Vigra Kringkastar og drifta – eigde og drifta NRK netta – AM, FM og TV og dei private riks-netta TV2 og P4 og lokal TV

FM- og TV-historia er vanskeleg å formidle avdi både sendarane og omformarane ligg på utilgjengelege store og små fjelltoppar, men kan formidlast på Vigra Kringkastar. 

Den analoge kringkastingshistoria – AM, FM og TV – er 100 år i 2025!

Vigra Kringkastar er den einaste plassen vi kan formidle heile den analoge kringkastings-historia – AM, FM og TV.

Telenor har eigd og drifta dei analoge private kringkastingsnetta for FM og TV mellom 1992 og 2017. Denne historia er det Telenor sitt samfunnsansvar å ta vare på!

Vigra kringkastar si nasjonale krigshistorie

Vigra Kringkastar blei det frie Norge sitt viktigaste talerør og saman med Ålesund Radio Norge sitt viktigaste militære samband til våre allierte i London 9.-15. april.

Kong Håkon 7. opna «Nye Vigra kringkastar» i eit riksprogram frå Løvenvold Kino i Ålesund 12.04.1948 .

Mister vi Sendarbygget, mister vi moglegheita å formidle både den analoge FM og TV historia, og den nasjonale krigshistoria til Vigra Kringkastar der det skjedde!